Historier: Vinterrypa.

* MENY *

Hovedsiden
Raadet
Forum
Gjestebok
Jaktdagbok
Bildegalleri
Video/Media
Ressurser
Linker
Historier
Fisking

Den første vinterrypa!

Det er tidlig på morningen og det ser ikkje ut som det kan bli noke jakt tur idag. Vi vil prøve oss for det, og vi pakkar i sekkane og kler på oss.I dag har eg berre med salong-rifla for pappa har hagla. Vi sett oss i bilen og kjører opp til jakt terrenget. Vi ser 5 ryper på veg opp til Svarthola som vi sier, og det er jo eit dårleg rypeår i år så no begynner pulsen å stige. Etter å ha trakka litt rundt i Svarthola kjem eg endeleg på skuddhold på ei sittande rype. Eg kjenner pulsen på innsida av jaktdressen, men eg er litt for sein i vendinga så ho slepp unna med livet i behold. Eg prøver å se kor den setter seg, og det greier eg og. Den sitter under ei lita bjørk 300 - 400 meter vekk frå oss. Det går ikkje så lenge før ho tar til vingene igjen og setter seg 200 meter lenger vekk. Endeleg får eg lagt meg i skytestilling på ho. Eg løsnar skuddet, men det er ein bom! Det er litt for mykje vind i lufta, men det var ein opplevelse som var grei nok.
Då vi er på veg heim igjen får eg auge på to ryper som sitt nedi vasskanten. Eg har selvfølgelig putta rifla i sekken så det tar litt tid før eg får dilla den fram. Eg tek lade grep og siktar på den eine av dei og løsner eit skudd. Eg treff ho i ryggen så ho går 2 - 3 meter før ho dett over ende. Dette var mi første vinterrype!

Henrik Løland.


Ill. foto: rypejeger.net

Informasjon.
21 feb. 2007
Historien er innsendt til rypejeger.net av Henrik Løland.
Hvis du vil sende inn en historie, gå til vårt kontakt skjema eller mail oss på post@rypejeger.net
.